Skjåk legekontor
Legane
Øyeblikkelig hjelp
Helsesekretærane
Bestilling av time
Ringetimar
Sjukepleiar
Reseptar
e-konsultasjonar
Blodprøver
Kva er Helsenorge.no?
Kva kan Helsenorge.no brukast til?
Fastlegeordninga
Det er 4 legar ved Skjåk legekontor og frå 1 september LIS1 lege (turnuslege).
Oppstår det akutt sjukdom får du time på dagen, dette blir vurdert av den som svarer på telefonen. Det er viktig at du gjev oss god og presis informasjon slik at vi prioriterer rett.
Det er to (2) helsesekretærar ved legekontoret som svarer på telefonar, som hjelper deg med timebestilling og andre spørsmål. Dei har også ansvar for prøvetaking i laboratoriet.
Vi oppfordrer til å bestille på Helsenorge.no eller ringe 612 17 100.
Dersom du ringer legekontoret og vil at lege ringer deg opp att må du betale for dette. Dette blir rekna som ein telefonkonsultasjon.
Er tilgjengeleg på legekontoret kvar dag frå måndag til fredag. Utfører diverse prøvetaking urin- og blodprøvar, øyreskylling, hørseltest, fjerning av suturar, injeksjonar og sårstell m.m.
Fornying av resepter oppfordrar vi til å gjere på Helsenorge.
Har du spørsmål til legen kan du bruke e-konsultasjon i HelseNorge. Her har legen 5 virkedager på å svare, men det går ofte mindre tid. På lik linje med andre konsultasjoner må du betale for dette.
Dersom du har tatt blodprøver så følger legen med på svaret. Er det noko avvik så tar legen kontakt med deg. Du kan også sende henvendelse i Helsenorge.
Reise- og influensavaksinar: Blir gjennomført på helsestasjonen.
På helsenorge.no får du tilgang på tenester som hjelper deg å følgje opp eiga helse. Du kan laste ned app på tlf din eller bruke pc.
- bestille time
- e-konsultasjon med din fastlege
- bestille resepter
- Bytte fastlege
- bestille frikort
- få oversikt overreseptar
- oversikt over vaksiner
- bestille Europeisk helsetrygdekort
- bestille og kreve dekning for pasientreiser
- Du finn også informasjon om alle private og offentlege behandlingsstader og annan relevant informasjon.
- tilgang til kjernejournalen din.
- Kjernejournal er ein elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i din kjernejournal. Kjernejournal er tilgjengeleg på alle sjukehus i Norge, og er innført i alle kommunar og fylke.
Fastlegeordninga gjev deg rett til å få ein allmennpraktiserande lege som din fastlege. Det er Helfo som fordelar pasientane på listene til fastlegane. Dersom du ønskjer å byte fastlege, kan du gjere det ved å gå inn her på www.helsenorge.no, eller på lenka øvst på sida. Dersom du ikkje har fått tildelt fastlege, kan du bestille time hos legen du ønskjer å bruke.