Om tenesta
Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk er ei lågterskelteneste. Den er gratis og du kan sjølv ta kontakt eller få henvisning frå fastlege eller andre. I Lom har vi kontor på Gamle Loar. I Skjåk disponerer vi kontor på kommunehuset. Arbeidstid kvardagar mellom 08.00 - 15.30.
Målgruppe
- Målgruppe er alle frå ungdomsskulealder og oppover som bur eller oppheld seg i Lom eller Skjåk.
- Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helsevanskar som gjer at du har vanskar med å fungere godt i det daglege, både på arbeid og heime.
- Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at du treng nokon å snakke med ang din situasjon, hjelp til å sortere, nyorientering.
- Vi kan også yte teneste til ungdom, frå ungdomsskulealder og oppover som kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing , konflikter eller anna som grip om seg i kvardagen.
Korleis du får kontakt med oss
Du kan sjølv ta kontakt med tenesta via telefon eller epost til leiar Håvard Å. Svestad. Fastlege kan henvise eller du kan få hjelp av andre til å ta kontakt.
Dette skjer etter at du har teke kontakt med tenesta
Så snart vi kan, og seinast innan 3 veker, vil du få ein kontaktperson . Vi kan tilby snarlegare avtale dersom det er bruk for det. Du får tilbod om 2-3 kartleggingssamtalar, vi gjer ei helheitleg kartlegging med fokus på psykisk helse. Du vil også få ei informasjonsbrosjyre.
Dersom du og kontaktperson etter kartleggingssamtaler meiner at psykisk helseteneste kan bidra i endringsarbeidet ditt , vil kontaktperson drøfte din situasjon /di sak i tenesta. Det vil i samråd med deg bli utarbeidd ein enkel behandlingsplan med mål om kva du ynskjer å endre, korleis dykk skal arbeide og tidsperspektiv/evaluering.
Dersom du har behov for fleire tenester, til dømes frå Nav, fysioterapeut, heimesjukepleie eller andre, rår vi til å opprette ei ansvarsgruppe med ein koordinator. Dette for å sikre at tenestene dine vert samordna .
Metodar/arbeidsmåtar
Det er du sjølv som er den viktigaste aktøren i endringsarbeid for å fungere betre i kvardagen. Brukarperspektivet legg til grunn at førebygging, kartlegging og behandling skal ta utgangspunkt i brukarens kunnskap, ynskjer og mål.
Pårørande og nettverk er også ein ressurs både for deg og dei ulike helsetenestene.
Dei tilsette i psykisk helsearbeid i Lom og Skjåk
- Håvard Åmot Svestad: fagleg og administrativ leiar. Tlf 481 49 062
- Aud Kroken: Tlf 480 27 261
- Toril Renate Aabakken Jotun: Tlf 959 82 596
- Tomas Sørhage: Tlf 469 17 471