Kreftkontakt

Dersom du har fått kreft, eller ein av dine næraste har fått kreft, kan kreftomsorga vere til hjelp og støtte.

Ønskjer du råd, rettleiing eller hjelp til å finne svar i samband med kreft?

I Skjåk kommune er Ida Mork tilsett som kreftsjukepleier i 20 % stilling. Ho er tilknytta heimesjukepleia.
Ein kreftsjukepleier er ein sjukepleier med spesialutdanning innanfor kreftbehandling og sjukepleie til kreftpasientar. Dersom du eller ein av dine næraste har fått ei kreftdiagnose, kan kreftsjukepleier gi råd og rettleiing.

Du kan få hjelp til:

  • Støtte til meistring av sjukdommen
  • Oppfylgjing av, under eller etter behandling
  • Støttefunksjon for pårørande
  • Hjelp til symptomlindring, i samarbeid med lege
  • Hjelp til kontakt med spesialist-tenesta
Ta gjerne kontakt sjølv, eller be legen din eller andre formidle kontakt.

Kontaktinformasjon

Tenesta er underlagt heimetenesta, så du kan også henvende deg der.

Kontakt

Ida Mork
Kreftkoordinator
Telefon 909 34 931
Mobil 909 34 931