Bli lærling i Skjåk kommune - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Bli lærling i Skjåk kommune

Lærlingar i Skjåk kommune

Lærlingane er svært positive for arbeidsmiljøet, rekruttering av ungdom blant erfarne medarbeidarar er positivt. Lærlingane er verdifulle og produktive medarbeidarar, og kommunen får tilskot frå Fylkeskommunen som er med å finansiere lærlingordninga. Kommunen tek eit samfunnsansvar ved å bidra til at ungdom kan skaffe seg fagutdanning. Mange av dei tilsette kommunen har i dag har vore lærlingar i Skjåk før dei fekk fast jobb. 

Skjåk kommune vil ha nye lærlingar

Kvar haust vil kommunen ta inn fleire nye lærlingar, og det er fleire aktuelle fag i forhold til læreplassar. Dette kan være helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, kontor- og administrasjonsfag, ikt-servicefag og institusjonskokk.

Ta kontakt med Skjåk kommune viss du ønskjer meir informasjon

Kontakt

Elin Bakke
Personalkonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 997 56 690