Fakta om Skjåk - Skjåk kommune

Fakta om Skjåk

Skjåk kommune er ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod til innbyggarane og næringslivet. I Skjåk finn du gode og varierte fritidstilbod til store og små. Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. 

Fakta om Skjåk

Skjåk kommune er ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod for både innbyggjarar og næringsliv. Her finn du varierte fritidstilbod for store og små.

Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. I Skjåk kan du nyte ein kvardag utan kø, fylt med opplevingar. Kommunen har ein ny barne- og ungdomsskule (2018/19), barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir.

Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar byr på varierte naturopplevingar. Skjåk har eit sterkt næringsliv med industri, landbruk og handverksbedrifter som kombinerer moderne løysingar med tradisjonar. Fleire lokale matprodusentar har bidrege til å gjere Skjåk til ei merkevare for kultur, miljø og tradisjon.

Skjåk kommune samarbeider tett med kommunar både aust- og vestover.

  • Fylke: Innlandet
  • Adm.senter: Bismo
  • Målform: Nynorsk
  • Høgde over havet: 400 m.o.h
  • Antall innbyggjarar/innbyggertall: 2 146  (per. 2 kvartal 2024)
  • Kommunas areal: 2 076 km²
  • Verna areal: 79 %
  • Høgaste fjell: Nørdre Hestbreapiggen (2172 m.o.h).
  • Ordførar: Edel Kveen (SP), 2023 - 2027
  • Kommunedirektør: Ivar Bø
  • Kommunefakta Statistisk Sentralbyrå
  • Sjå nettsida SKJÅK.NO - om å besøke, arbeide og leve i Skjåk.

Lokalisering

Skjåk ligg lengst vest i Ottadalen i Innlandet fylke (tidl.Oppland) mellom majestetiske fjell og flott natur for friluftsliv.

  • Skjåk grensar i nord til Norddal og Rauma i Møre og Romsdal og Lesja
  • I øst og sørøst til Lom
  • sør til Luster i Sogn og Fjordane
  • I vest til Stryn i Sogn og Fjordane og Stranda i Møre og Romsdal. 

 

Nasjonalparkkommune

Breheimen og Reinheimen nasjonalpark byr på varierte naturopplevingar. Reinheimen nasjonalpark ligg i nord, medan Breheimen nasjonalpark ligg i sør. Kommunesenteret i Skjåk, Bismo, har om lag 40 % av innbyggjarane i kommunen. Her er det godt utbygd infrastruktur for både bustader og næringsområde. Dei fleste har arbeid i Bismo innan industri, handel og tenesteyting.

Skjåk er ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod for både innbyggjarar og næringsliv. Her finn du varierte fritidstilbod for store og små, mellom anna ein moderne barne- og ungdomsskule (2018), barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstenester, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsbane, kulturskule, bibliotek og skianlegg.

Utanfor bustadområda er bygda prega av landbruk og reiseliv. Skjåk Almenning er ein av Noregs største private naturforvaltarar og eig mesteparten av arealet vest for Bismo. Skjåk Almenning har eit landareal på om lag to millionar dekar, noko som utgjer 95 % av arealet i Skjåk kommune. I tillegg til nasjonalparkane er det to større naturreservat i Skjåk – Hondsrøve og Einstullie – som er oppretta for å verne gamal, urskogprega furuskog med sjeldne artar knytt til dette økosystemet.

Infrastruktur og kommunikasjon

Riksveg 15 frå Otta til Stryn, går gjennom bygda. Næraste kommunesenter er Lom med reisetid 15 minutter i bil. Til Otta er reisetiden ca. 1 time og til Stryn ca.1,5 time. Jordbruksareala ligg som en "buffer" mellom bustadområda i aust og vest. Skjåk kan tilby ein køfri kvardag full av opplevingar. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover.

Næringsliv

Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Industrien i Bismo omfattar fleire bedrifter: Interfil produserer ventilasjonsfilter, Glasitt lagar byggemateriale av returglas, og Stryvo Bismo driv innan offshore. Skjåk Almenning (Skjåk Trelast) produserer furutrelast, medan Skjåk Hedda Hytter er ein anerkjent hytteprodusent. Elles er arbeidslivet i Bismo prega av handel og offentleg tenesteyting.

Lokal mat

Det finnes fleire lokale matprodusenter i Skjåk. Dei fleste er tilknytta Gudbrandsdalsmat som sel og distribuerer lokal mat til folk i heile landet.

Klima

Skjåk har innlandsklima med svært lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og store skilnader mellom dag- og nattetemperatur i sommarhalvåret. Ifølgje Yr.no har Skjåk rekorden som den tørraste staden i Noreg – faktisk er det berre nokre få stader i Sør-Europa som er tørrare.

Kontakt

Servicetorget Skjåk kommune
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway