Skjåk folkebibliotek er tildelt prisen Årets bibliotek 2025 av Norsk bibliotekforening.
Skjåk folkebibliotek fekk torsdag 15. januar 2026 prisen «Årets bibliotek 2025» for målretta arbeid med å utvikle biblioteket som ein levande og inkluderande møteplass i lokalsamfunnet. Prisen vart delt ut på Deichman Grünerløkka i Oslo.
Frå høgre, dei tilsette ved biblioteket i Skjåk, Ida Marie Banken, Laila Rusten, Sigrun Eide (leiar). Ivar Bø (kommunedirektør), Marianne Stensgård (kulturkonsulent). Helene Voldner, leiar i Norsk bibliotekforening og juryleiar, og prisutdelar stortingsrepresentant Sunniva Holmås Eidsvoll(SV).
Skjåk kommune
Gjennom nyskapande idear og tett samarbeid med lokale lag, foreiningar og enkeltpersonar har biblioteket utvikla eit breitt og variert arrangementstilbod. Innhaldet spenner frå kultur- og historieformidling til kunnskapsdeling og fellesskap. Skjåk folkebibliotek har markert seg som ein sentral arena for møte, deltaking og formidling i lokalsamfunnet. Juryen løftar fram biblioteket si rolle som ein stad der ulike aldersgrupper og interesser møtest.
Prisen - ei nasjonal utmerking
Prisen er delt ut av Norsk bibliotekforening og omfattar både eit grafisk trykk og ein årleg vandrepokal knytt til Brageprisens heiderspris.
Dei andre nominerte til prisen var:
- Deichman Stovner , Oslo
- Måsøy folkebibliotek, Finnmark
- Narvik bibliotek, Nordland
- Skolebiblioteket ved Skeiane ungdomsskole, Rogaland
- Skjåk folkebibliotek, Innlandet
Les også Fem sterke kandidater til Årets bibliotek 2025!
Sjå film frå utdelinga (Facebook)
Les artikkel i lokalavisa Fjuken
---------
Skjåk folkebibliotek
Skjåk folkebibliotek er eit lite, men særs kreativt bibliotek som nyttar små ressursar klokt og skapar ein aktiv og open møteplass for heile kommunen. I 2025 har biblioteket hatt over 50 arrangement som har samla både unge og eldre. Dei fleste tiltaka blir utvikla i samarbeid med lokale lag og organisasjonar, og nær sagt alle er gratis. Nokre arrangement har profesjonelle aktørar, medan mange byggjer på solide lokale krefter. Biblioteket har også eit tett og godt samarbeid med kulturavdelinga, som dette året har vore samlokalisert med dei.
Dei tilsette ved biblioteket: Ida Marie Banken, Sigrun Eide og Laila Rusten
Skjåk kommune
Stor aktivitet ved biblioteket i Skjåk
Eit populært initiativ er SOLfestivalen i mars, ei veke full av kulturelle arrangement som feirar at sola kjem attende til bygda. I 2025 vart Frøbiblioteket opna, barnehagebarn laga SOLutstilling, ei fotoutstilling som markerte utvandrarjubileet. Programmet inkluderte også teater for dei minste, ein konsert med folkemusikk ved lokale spelemenn, eit inspirerande foredrag med Maria Berg Hestad og familiesongstund med Camilla Granlien.
Hausten har mellom anna bydd på “Strikk og lytt” med høgtlesing av dei tilsette, og “Smakfull kveld på biblioteket”, der lokale matentusiastar delte kunnskap om tradisjonsmat.
Biblioteket er ein varm og imøtekomande arena med gode soner og gratis kaffi. Barnehage og skule brukar biblioteket flittig, og innbyggjarane nyttar både bemanna opningstid og meirope løysing. Skjåk folkebibliotek viser kor mykje ein kan få til med lite – når ein samarbeider godt og opnar dørene for alle.
Dei tilsette ved biblioteket seier at dei kjenner seg djupt æra og stolte over å bli nominert til ‘"Årets bibliotek" og at dette er ei stadfesting på at dei gjer ein bra jobb. Dei tykkjer det er gledeleg at stadig fleire finn vegen til biblioteket og kjenner tilhøyrigheit der.
Dei ynskjer å takke alle lånarane, samarbeispartnarane og ikkje minst Skjåk kommune som satsar på biblioteket sitt. Fylg gjerne biblioteket på facebook, her finn du oppdatert informasjon om kva som skjer på biblioteket.
Norsk Bibliotekforening har invitert dei tilsette til Oslo 15. januar. Her vil dei nominerte biblioteka bli lyfta fram og vinnaren bli kåra.
Glimt frå Skjåk folkebibliotek