Friviljug-sentral

05.10.2006
Skjåk Friviljug-sentral
Kjøkenet blir mykje brukt
Skjåk Friviljug-sentral skal stimulere til og formidle sosialt og kulturelt fellesskap mellom menneske i alle aldre. Nokon treng hjelp, andre ynskjer å hjelpe.

Kven kan vera friviljug:
*alder og utdanning er ikkje avgjerande.
*dei som har litt tid til overs.
*dei som har hug og vilje til å gjera noko for andre utan å tenkja kroner og øre.
*dei som har evner /eigenskap og interesser som andre kan ha nytte og glede av.

Kontakt:
Skjåk Friviljug-sentral.
Dagleg leiar er Karin Aune Ulen, tlf. 61214557.

Aktivitetar:
Småbarnskafe
Småbarnsbading med kurs
Nettkafefor ungdom, for slektsinteresserte og andre
Grendetreff
Seniordans
Matdagar
Ulike arrangement
Samværsgrupper
Pårørandegrupper for slagramma og mennesker med Demens.
Kortspelgrupper
Turer
Besøksteneste
Fest for friviljuge
Fjellrokafe


Du kan få hjelp til handling, hagearbeid, snømåking, ved, fylgje til sjukehus, lege, tannlege, stell av klede.


Vi hjelper til på Skjåkheimen som
* besøksvenn/tur
* hjelp på hyggekveldar og bingo
* stell av blomar (floragrafer )
* sang (sangfuglane)

I 2005 vart det utført ca 8500 friviljuge timar ved Skjåk Friviljug-sentral. 94 hjelpare har utført friviljugt arbeid. Antall brukarar var 180 stk.

Skrive av: Aud Hove