Skule

Skuleadministrasjonen.

Undervisning på Ungdomsskulen
Undervisning på Skjåk Ungdomsskule

Skuleadministrasjonen er lagt under Personal, Kompetanse og Utvikling (PKU), der Unnvald Bakke er tenesteleiar og har det skulefaglege ansvaret.

Vi arbeider for at grunnskuleelevane i Skjåk skal få ein god skulegang i samsvar med læreplanverket og opplæringslova. Ungane skal trivast og kjenne seg trygge slik at dei utviklar seg fagleg, sosialt og personleg.

Skuleåret 2010/11 har alle skulane i Skjåk kun faglærte lærare.


Kommunen har to barneskular, Marlo skule sør i bygda og Nordberg skule nord i bygda. I Bismo ligg Skjåk Ungdomsskule. Barneskulane har skulefritidsordning (SFO).
Helsesyster og skulelege har skulehelsetenesta.
Vi administrerer vaksenopplæringa på grunnskulenivå og norskopplæring med samfunnskunnskap for framandspråklege.

Skrive av: Unnvald Bakke