Bustønad

01.11.2010

Tenesteinnhald

Skilt hos Husbanken
Illustrasjonsfoto
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning som administrerast av Husbanken og kommunene. Søknad skal sendast kommunen. 

Målgruppe

Har du høge buutgifter og låg inntekt, kan du kvalifisere for bustønad.  Alle over 18 år kan få stønad, med unntak av studenter utan barn, og militære.  Desse har eigne ordninger.

Bustaden du søkjer bustønad for, må vera ein godkjent heilårsbustad.  I tillegg må det vera ein sjølvstendig bustad med bad/toalett, kjøkkenfunksjon og eigen inngang.  Dersom du leiger eit rom i ein annan sin bustad, kvalifiserer du altså ikkje for bustønad.

Slik får du tenesten

Søknadsskjema og hjelp til utfylling kan du få i servicetorget i kommunen. 

Du finn også søknadsskjemaet på Husbanken under Søknadsskjemaer>> i høgre meny. 

Søknadsfristen er den 14. kvar månad.  Bustønaden vert utbetalt ca. den 10. månaden etter.

Du finn meir informasjon om bustønad hos Husbanken.

Kontakt

Unni R. Olstad Telefon 61 21 71 55.
Skrive av: Unni R. Olstad