Pleie og omsorg

10.01.2008
Skjåkheimen i snøvær
Skjåkheimen

Dette er tenester for eldre og personar i alle aldersgrupper som har behov for medisinsk behandling, oppfylgjing og omsorg.

Dei eldre har vore med å bygd opp bygda. Det er god skikk i Skjåk å gje eldre gode tenester.

Vi har eit samarbeid med Lom når det gjeld psykiatrisk helsearbeid.

For deg som bur heime, har vi heimehjelp, heimesjukepleie, matombringing og tryggleiksalarmar. Vi har også tilbod om rehabilitering, personleg assistent, støttekontakt og omsorgsløn.

For deg som bur på Skjåkheimen, får du alle tenestene der.

På Skjåkheimen er det også eit dagsenter som er ope for bebuarane og ulike brukargrupper i Skjåk.

Vi har 15 omsorgsbustader i Bismo. Nokre ligg like ved Skjåkheimen, medan andre ligg rundt om i byggjefeltet i Bismo. Det er også 4 leiligheiter som er knytt direkte saman med Skjåkheimen og vi har 2 psykiatribustader.

Kontakt:
Sentralbord Pleie og Omsorg Marit Larsen tlf. 61217170 og
Tove Therese Høgvoll tlf. 61217171

Pleie og Omsorgsleiar Mari Brenna tlf. 61217191

Sekretariat
Live Bruheim Mork tlf. 61217161
Heimetenestene Gudrun Teigen tlf. 61217167
Institusjon Ingvild Mork tlf. 61217188
Kjøken Reidun Aaboen tlf. 61217173
Dagsenter Torhild Rudsar tlf. 61217174
Vaskeri Jolanta Løkken tlf. 61217184
HFF, Skamsargjeilen Håvard Moen tlf. 61214322

Skrive av: Unnvald Bakke